CEDREN nyheter

Vannforskning 2016

Published on: 2. mai 2016

Flom, ekstremhendingar og bruken av store datasett var blant temaene da studentar frå NTNU, Universitet i Bergen og Universitetet i Oslo presenterte arbeidet sitt på vannforskningsseminaret til Norsk Hydrologiråd.

Vannforskning 2016
Masterstudent Ingrid Alne ved NTNU viser korleis ein kan bruke data samla inn med grøn LiDAR til å sette opp hydrauliske modellar.

27. april arrangerte Norsk Hydrologiråd det årvisse vannforskningsseminaret ved NTNU med CEDREN som sponsor. I år var PhD- og MSc-studentar ved norske universitet og høgskular invitert til å presentere forskning og til å utveksle erfaringar som ei oppfølging av forrige samling for studentar i Oslo hausten 2011.

Hydrologirådet har rekruttering og formidling som ein viktig arbeidsområde, og å skape møteplassar for studentar er ein del av dette arbeidet.

Stor spennvidde

Deltakarar frå NTNU, UiB og UiO presenterte ti foredrag og tre plakatar for andre studentar og deltakarar frå andre institusjonar som jobbar med hydrologi. Foredraga viste stor spennvidde i tema og dekte hydrologisk og hydraulisk modellering, flom og ekstremhendingar og problemstillingar relatert til miljø.

Frå det som vart presentert ser ein at flom og ekstremhendingar er eit viktig tema innan hydrologisk forskning, og ein annan ting som står igjen er bruken av store datasett frå blant anna fjermåling for å drive modellar og analyser.

CEDREN-stipendiatar

CEDREN stipendiatane Ana Adeva Bustos og Tor Haakon Bakken presenterte sine arbeid knytt til minstevassføring og vassforbruk. Det vart og presentert andre foredrag som er relevante for forskninga i CEDREN, blant anna bruk av data for elvegeometri målt med grøn LiDAR for oppsett av hydrauliske modellar. Dette er ein teknikk som kan vere svært nyttig i samband med miljødesign i regulerte vassdrag der kunnskap om vassdekt areal, elvetyper og strømningstilhøve er viktige variable for diagnose og tiltak.

Program:

Last ned programmet (pdf)

Kontaktperson:

Knut Alfredsen

Print

Nyhetsarkiv

Archive