Tidligere arrangementer

Avslutningsseminar for professor og CEDREN-forsker Ånund Killingtveit

Published on: 26. March 2017

26. april, 2017 inviteres alle interesserte til avslutningsseminar for professor og CEDREN-forsker Ånund Killingtveit. Seminaret finner sted på NTNU i Trondheim.

Avslutningsseminar for professor og CEDREN-forsker Ånund Killingtveit

Hydrologi frå pol til trope, frå permafrost til snøen på Kilimanjaro, frå vasskraft til vassmangel

Ånund Killingtveit har sett djupe spor etter seg som professor i vassbygging ved NTNU. Han har gjort kraftverkshydrologi til eit eige omgrep og gjennom dette hatt stor innverknad på utviklinga av moderne vasskraftplanlegging, drift og ikkje minst miljøomsyn. Han fatta interesse for polar hydrologi og fekk i gang dette som eige fag på UNIS på Svalbard. Han har etablert tett samarbeid med institusjonar i Aust-Afrika og gjennom dette, master- og diplom-studentar gjort snøen på Kilimanjaro til noko meir enn ei bok av Hemingway. Dette og mykje meir vil vi få eit innblikk i på avsluttningsseminaret til Ånund.

Program:

  • Sverre Aam – kraftverkshydrologien si historie; frå den første dråpen
  • Sten Bergstrøm – HBV modellen – hjertebarn til hydrologiens ukronte kongar
  • Kjetil Vaskinn – Fysisk Beskrivande Vassdragsmodell og miljøhydrologi
  • Tom Andersen & Knut Sand – Snømåling på kryss og tvers
  • Jan Gunnar Winther – Polar hydrologi, Klima i teori og praksis
  • Olav Botnen – Frå modell til marked
  • Atle Harby – CEDREN - Frå modell til miljø
  • Kjell Repp – Vasskraft og miljø i Afrika

 

Print